Venterommet i Vanløse

Kjøp tilgang
Se arrangementet

Møt Helle Helle, ein av Skandinavias fremste forfattarar.

Møt Helle Helle – ein av Skandinavias fremste forfattarar – om den nye romanen BOB i samtale med Margunn Vikingstad.

Korleis og kvifor vekslar Helles hovudpersonar mellom å unngå verda og ei lengt etter å inngå i verda? Med utgangspunkt i Bob som vandrar rundt og ventar på at verda skal opne seg i Vanløse, ein forstad til København, vil Helle og Vikingstad snakke om dei mange og ulike minimumseksistensane ein finn i heile forfattarskapen til Helle.

Sjølv seier Helle dette om korleis BOB blei til:«Jeg tænkte længe over romanens første og sidste sætninger. Det var min plan, at de skulle kunne læses både forfra og bagfra. Endelig begyndte jeg at skrive. Jeg sad i et ombygget hønsehus ved Sjællands Odde, og senere hjemme på mit kontor, ved vinduet. Planen gik i vasken. Spurvehøgen viste sig at være en tårnfalk. Men nye veje dukkede op, og ’BOB’ gik ud af dem.»

Helle har vunne fleire litterære prisar for bøkene sine: Kritikarprisen i Danmark, Per Olov Enquist Pris, De Gylne Laurbær og Den Danske Akademis Store Pris, samt tre gonger nominert til Nordisk Råds Litteraturpris. Ho er også tildelt Holberg-Medaljen.

Vikingstad er litteraturkritikar i Morgenbladet og omsetjar av både dramatikk og prosa. Omsetjinga hennar av Gustave Flauberts Madame Bovary (2017) i Skalds klassikarserie blei både nominert til Kritikarprisen for beste omsetjing og Bastianprisen (Norsk Oversetterforenings eigen omsetjarpris) i 2018. Den siste omsetjinga hennar frå fransk, Joseph Ponthus' Linjeskift (2020), Aschehoug, blei nominert til Kritikarprisen for beste omsetjing i 2021.

Strømmedato:

Fre.

07

.

05

.

21

Arrangør:
Alder:

Venterommet i Vanløse

Direkte

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.