Strømninger i litteraturen
Med Sandra Lillebø og Margunn Vikingstad
Strømninger i litteraturen er Litteraturhusets faste programpost om aktuelle tema i litteraturen og i det offentlige ordskiftet om litteratur. Med eit lite nikk til den danske litteraturkritikaren og litteraturforskaren Georg Brandes’ (1842-1927) krav om engasjement til forfattaren og litteraturen, set vi aktuelle problem under debatt.Det faste panelet i Strømninger i litteraturen består av forfattar og kritikar i Klassekampen Sandra Lillebø og omsetjar og kritikar i Morgenbladet Margunn Vikingstad. Dei inviterer kvar gong ein aktuell gjest til debatt. Både gjest og tema for kvelden blir annonsert kort tid i forkant av arrangementet for slik å legge til rette for å gå inn i si tid.