Debutanttripp
Med Karoline Brændjord, Anna Albrigtsen, Eskil Skjeldal og Eira Søyseth.
Kor skal ein vende seg når ei mor tar sitt eige liv? Kva er det familien på fire, på ferie i eit svensk sommarhus, flyktar frå? Og er barndomsminne til å stole på?
Karoline Brændjord («Jeg vil våkne til verden»), Anna Albrigtsen («Solen treffer andre ting enn oss») og Eskil Skjeldal («Fars hage, mors hus») møtest for å snakke om dei aktuelle bøkene sine, skriveprosess og opplevinga av å debutere. Samtaleleiar er poet og omsetjar Eira Søyseth.
Foto:
Karoline Brændjord: May Therese Vorland
Anna Albrigtsen: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss
Eskil Skjeldal: Synnøve Skree Skjeldal