Vill natur versus hyttebygging
Marit Beate Kasin i samtale med leiar for klimafestivalen Varmere Våtere Villere, Vilde Blomhoff Pedersen.
Eit av dei store spørsmåla i dagens kamp for naturvern er korleis balansere mellom å legge til rette for naturopplevingar og å verne om den ville, urørte naturen. Kva vil skje med naturen om vi held fram med å bruke den på menneskets premissar, ikkje naturens, og er det mogleg å restaurere tapt natur?
I Naturparadokset. Om naturen vi mister og hvordan vi kan få den tilbake tar forfattar, hundekøyrar og journalist Marit Beate Kasin lesaren med på tur og viser korleis vi i det stille raserer urørt natur. Ho peiker mellom anna på eit sprik mellom intensjonar og praksis og at omsynet til naturen ofte tapar i møte med andre interesser, som næringsutvikling, nye vegar, hyttebygging eller vindmøller.
Kasin møter leiar for klimafestivalen Varmere Våtere Villere, Vilde Blomhoff Pedersen, til ein samtale om norsk naturtap og forholdet mellom klimakamp og naturvern.
I samarbeid med Varmere Våtere Villere.
Samtalen er på norsk.
190/90 (Student)