Spør forfattaren!
Forfattarane Agnes Ravatn og Anna Fiske svarar på spørsmåla dine!
Forfattarmytane er mange, og no kan du vere med på å avdekke dei. Vi let forfattarane Agnes Ravatn og Anna Fiske svare på spørsmåla dine om korleis dei arbeider, og kva dei et og drikk og gjer for å bli inspirerte. Hjørdis Losnedahl leier an i jakta på Sanninga om stort og smått og inviterer publikum til å ta del i grundige undersøkingar av korleis det eigentleg er å vere forfattar.
Send inn spørsmåla dine allereie no til info@litfestbergen.no.
Samtalen er på norsk.
190/90 (Student)