Som ein annan galakse
Samtale med Abraham Jiménez Enoas og Roxana Sobrino Triana
Fidel Castros død og Obamas presidentperiode i USA gav mange tru på ei betre framtid på Cuba. Sånn har det ikkje gått. I den cubanske journalisten Abraham Jiménez Enoas bok Å lande i verden (omsett frå spansk) skildrar han korleis det er å bli tvinga i eksil som kritisk journalist på Cuba, og så krasjlande i eit liberalt europeisk forbrukarsamfunn – som å komme frå ein annan galakse, skildrar Jímenez Enoa det å dra frå Cuba. Kva tenkjer han om det Cuba han måtte forlate og om framtida til heimlandet? Møt han i samtale med Roxana Sobrino Triana.
Samtalen er på spansk med simultantolking til norsk.
190/90 (Student)