Solplomme– musikalsk-poetisk framføring
Kan forfattar Anna Kleiva og musikar Vilde Tuv skape sommar i februar?
Med utgangspunkt i midtsommarmyter og tradisjonar har Kleiva og Tuv komponert eit musikalsk-poetisk verk der dikt og elektronisk musikk avløyser og komplementerer kvarandre. I ein mørk vinter vil dei få midtsommarnatta til å opne seg, blomane til å spire og bålet til å brenne. Kva framtid skimtar vi?
Verket er inspirert av naturen og teksten tar opp spørsmål om klima, fellesskap og omvelting. Dikta blir følgt av eit lydbilde der synth, fløyter og vokal møter fjellras og regnbyger i ein intens, elektronisk musikk.
Framføringa er på norsk.
190/90 (Student)