Sanninga frå innsida av murane
Kva er sanninga om ein straffedømd?
I regi av forfattar og bibliotekar ved Bergen fengsel, Eivind Riise Hauge, er det blitt arrangert skrivekurs for dei innsette i fengselet med festivaltemaet «sanning». Riise Hauge tek med seg nokre av kursdeltakarane til LitFestBergen for å snakke om sanning og kva det betyr for dei innsette å få uttrykke seg gjennom skrift. Få stader blir sanninga sett meir på prøve enn i ei straffesak der dommarane vurderer bevis og forklaringar for å avgjere kva som eigentleg har skjedd. Finst det alltid ei sanning om eit lovbrot og motivet bak? Og korleis opplever lovbrytaren sjølv at storsamfunnet skaper si historie om den kriminelle?
Samtalen er på norsk.
190/90 (student)