Kva er cubansk dissidentlitteratur?
Kva er cubansk dissidentlitteratur?
Abraham Jiménez Enoa blei tvinga i eksil i Spania etter å ha kritisert cubanske styresmakter. Rafto-prisen 2024 gjekk til kunstnaren Luis Manuel Otero Alcántara som blei fengsla for å ha brukt kunst som politisk uttrykk.
Kva problem står den cubanske dissidentkulturen overfor? Kven er dei sentrale aktørane i denne gruppa, og korleis har litteraturen blitt mottatt i Noreg?
Dette er nokre av spørsmåla som blir diskuterte i samtalen mellom forfattar Abraham Jiménez Enoa, kulturarbeidar Adri González, emeritus i latinamerikansk litteratur Jon Askeland og forleggar og omsetjar Signe Prøis. Samtalen blir leia av Roxana Sobrino Triana.
Samtalen er på norsk og spansk med tolking til norsk.
190/90 (Student)