Kriminell eller livreddar?
Finst det ei sanning om den største folkevandringa i vår tid?
Kvar einaste dag blir flyktningar og andre migrantar smugla over nokre av verdas farlegaste grenser. Kva er det som gjer at millionar av menneske legg sitt eige og barna sine liv i hendene på menneskesmuglarar for å la seg frakte over snødekte fjell, gloheite ørkenar og opne hav? Og kven er eigentleg desse bakmennene og -kvinnene, som gjer reisene mogleg?
I over tjue år har Kristina Quintano følgt menneskesmuglarar i og rundt Middelhavet. Med boka Smugler eller grenselos. På innsiden av vår tids største folkevandring trekker ho parallellar mellom vår tids menneskesmuglarar og fortidas grenselosar.
Kristina Quintano møter journalist og forfattar Jan H. Landro til samtale.
Samtalen er på norsk.
190/90 (Student)
Foto: Massimo Sestini