Kor sant skriv Anna Fiske for barn?
Korleis ser Fiske på omgrepet «sanning» når ho skriv for barn?
Anna Fiske er forfattar, illustratør og teikneserieskapar. Leikne, særprega strekteikningar har gitt henne fleire høgthengande prisar og utmerkingar – og gjort henne til ein favoritt hos både barn og vaksne. Titlane til Fiske indikerer ei uhøgtidleg haldning og ein forfattar som utan omveg skildrar verkelegheita: Hvordan er det å ha en kropp?, Hvordan snakker man om døden? – og Hvordan lager man en baby? Men korleis ser Fiske på omgrepet «sanning» når ho skriv for barn? Møt forfattaren i samtale med forfattar og kritikar Heidi Bøhagen.
Samtalen er på norsk.
190/90 (Student)