Johan Harstad: Under brosteinen, stranden!
Johan Harstad møtar Johannes Grytnes i samtale om mursteinsromanen.
Spennet i Johan Harstads roman frå i fjor Under brosteinen, stranden! (tittelen viser til studentopprøret i Paris i 1968) er stort. Her finn ein spinnville spekulasjonar, djupt empatiske relasjonelle skildringar, lange passasjer om musikk og filmar (både fiktive og faktiske) og ei klassisk oppveksthistorie frå Forus utanfor Stavanger på 1980- og 1990-talet. I tillegg til alt dette har forfattaren skrive inn sekvensar om uortodoks spionverksemd, økoterrorisme, kjernevåpen og kjernekraft – samt spørsmål om entropi, altså bevegelse mot kaos, og korleis tida kan vere eit våpen. Og ja, slik har ein truleg det ultimate beviset på Harstad som er ein kompromisslaus, eigenrådig forfattar med eit nærast grenselaust repertoar.
Møt Harstad i samtale med kritikar og stipendiat i litteraturvitskap ved UiB Johannes Grytnes om tida som går, om uuthaldeleg keisemd – og om (mursteins)romanens (framleis) uendelege moglegheiter.
Samtalen er på norsk med tolking til engelsk.
190/90 (Student)