Jerusalems dramatiske historie: Foredrag med Trond Bakkevig
Foredrag med teolog og pensjonert prest i den Norske Kirke Trond Bakkevig.
Teolog og pensjonert prest i den Norske Kirke Trond Bakkevig har i mange år arbeidd med å legge til rette for samtalar mellom kristne leiarar i Israel og Palestina. I boka Jerusalem. Kirkehistorie og politikk følgjer Bakkevig den dramatiske historia til Jerusalem slik den framstår i dei kristne samfunna i byen. Forfattaren kombinerer den særeigne kombinasjonen av teologisk og politisk erfaring frå mellom anna Mellomkirkelig råd, som rådgivar for norske utanriksministrar og som medlem av Kirkenes Verdensråd. Høyr Bakkevig fortelje om spennet mellom politikk, kultur, gudstru og evige konfliktar i den heilage byen Jerusalem.
Foredraget er på norsk.
110/90 (Student)