Høgtlesing: Gunnars rekordbok
Med Anders Totland
I Gunnars rekordbok kan me lesa om ein gut som opplever ganske mykje fint, sjølv om han har det vanskeleg heime. Ein dag får han eit eksemplar av Guinness rekordbok av læraren sin, og blir inspirert til å laga si eiga rekordbok, med rekordar frå sitt eige liv. Der skriv han om alt som er fint og alt som er vanskeleg. Han skriv om verdas beste ven, om den finaste jenta i klassen, og om faren som er ein slags verdsmeister i å sitta stille. Men han får ikkje til å skriva om mora. Når Anders Totland kjem på besøk, vil han fortelja om korleis boka blei til, om gøyale rekordar - og ikkje minst om korleis han bruker dei flauaste opplevingane sine til å laga bøker for både barn og vaksne.
Etterpå vert barna utfordra til å finne på og teikne sine eigne rekordar.
Pris: 100,- per familie.