Filmvisning: Fedrelandet
Dokumentaren Fedrelandet av Margreth Olin.
Med Margreth Olins 85 år gamle far som guide får vi oppleve Norges mest eventyrlege dal, Oldedalen i Nordfjord og den mektige Jostedalsbreen. Her har han vakse opp, og her har generasjonar før han levd i balanse med naturen. Filmtittelen må derfor også tolkast bokstaveleg – dette er «Fars land». Filmen vekslar mellom majestetiske bilete av ville fjell, kalvande brear og yrande dyreliv og foreldras forteljingar om generasjonane som tråkka opp stiane. Slik løfter Olin fram kor tette band det er mellom natur og menneske – og kva som eigentleg er verdifullt i livet.
LitFestBergen viser filmen i samband med at Margreth Olin deltar på festivalen, og filmvisinga er eit samarbeid med BIFF.
110/90 (Student)
Foto: Norsk Filmdistribusjon