Å grave opp sanninga
Felipe Celesia møter filmskapar og forfattar Mirko Stopar til samtale
Under diktaturet i Argentina på 70- og 80-talet, forsvann titusener av menneske. Dei blei aldri funne, aldri identifisert, fekk aldri ei grav. I boka Døden er å bli glemt (omsett frå spansk av Signe Prøis) fortel den argentinske journalisten Felipe Celesia historia til ei gruppe argentinske rettsantropologar og metoden dei utvikla for å identifisere lik og oppklare brottsverk mot menneskerettar først i Argentina, og sidan i ei rekke land i verda.
Celesia møter filmskapar og forfattar Mirko Stopar til ein samtale om faget rettsantropologi, kva arbeidet til denne gruppa har betydd for pårørande i heile verda – og korleis verda skal reagere på noverande president i Argentina, Javier Milei, som hevdar at han “ikkje trur på” forsvinningane.
Samtalen er på spansk med simultantolking til norsk.
190/90 (Student)