Dag Solstad

Handlar livet eigentleg om å grave det møysommeleg fram, slik Dag Solstad skildrar det å skrive romanar i Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman (2006), at verket er noko som allereie er skrive, og at forfattaren er den som finn? Ja, at livet handlar om å samle saman og forme trivielle, tilfeldige og skilsetjande hendingar, alt det som vel kan seiast å vere råmaterialet i dei fleste liv – og at livet slik sett også, som romanen, er eit kunstverk? Om ein ser litt stort på det.
         
Sikkert er det i alle fall at Dag Solstad har sett sine avtrykk med alle romanane og romankarakterane han har funne og gitt oss lesarar. Då han døydde sist fredag spreidde det seg raskt mange kjærleikserklæringar – og mange har skildra sine Solstad-moments. Så også her på Litteraturhuset i Bergen: I 2018 hadde vi noko så legendarisk som ei samling av Profil-krinsen. Gjenforeiningar kan jo ofte bli ei klam greie, men då nyare norsk litteraturhistories mest kjende gruppering samla seg på scenen her var det, naturleg nok, høg stemning og tjåka fullt i salen. Dag Solstad, Jan Erik Vold, Liv Køltzow, Einar Økland, Espen Haavardsholm og Paal-Helge Haugen, med Alf van der Hagen som samtaleleiar, gav folket epokegjerande tidsskifthistorie og snakka om kva spor frå 1960-talet som står igjen i dag – og alle var glade for at Solstad fann fram til litteraturhuset i tide, for han hadde tatt seg ei lita vandring i forkant i Bergens gater og smalgangar.

Året etter kom Solstad tilbake til Litteraturhuset i Bergen i samband med utgivinga av Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen. Vår vestlandske forfattar og essaysist Agnes Ravatn leia samtalen med ein fullsett sal. No står vi takksame tilbake, for besøka, for bøkene, for alle dei råkande skildringane av menneskets rasjonelle og irrasjonelle irrgangar, funne og skrive fram av Dag Solstad – med eit tydeleg avtrykk av sjenanse og verdigheit.

Margunn Vikingstad

Programansvarleg

Kritisk! Dramatisk!

Velkommen til Teaterkritisk trio!
Les mer

Vi hører sammen

Ny serie på Litteraturhuset!
Les mer

Vårprogrammet er ute!

Vi ser frem til spennende programserier, interessante debatter og gode samarbeid i vårens program på Litteraturhuset i Bergen!
Les mer

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.